Sidebar

Formannskapslovene 175 år

Vibeke Solbakken Lunheim, IKA Møre og Romsdal 


Den 14. januar 2012 var det 175 år sidan formannskapslovene blei vedtatt. Dette la grunnlaget for ei eineståande utvikling av velferd og lokalt sjølvstyre.

Formannskapslovene består av to lover; ei for byane og ei for bygdene. Det var ”Lov om Formandskaber paa Landet samt om Bestyrelsen av Districternes almindelige Commune-Anliggender” og ei tilsvarande for ”Kiøbstæderne”. Lova for landdistrikta inneheld også reglar om amtskommunen, det vil seie dagens fylkeskommunar.

Formannskapslovene delte landet inn i formannskapsdistrikt, kommunar, som blei styrt av valte organ. Desse folkevalde forsamlingane fekk mellom anna bestemme over lokale saker både i byane og på landsbygda.

Dei eldste formannskapsprotokollane vi har i magasinet vårt skriv seg frå 1837 og 1838. Molde kommune var ein av dei kommunane som var tidleg ute med å halde formannskapsmøte. Det første møtet blei halde så tidleg som 1.mai 1837, berre fire månader etter at lova var vedtatt.

Sjølve protokollen er i folioformat, som er noko større enn dagens A4 format. I tillegg er protokollen ført i gotisk handskrift, i motsetning til i vår tid, kor det utelukkande brukast trykte bokstaver.

Den fyrste setninga i protokollen er: ”Aar 1837 den 1.ste Mai Klokken 9 Formiddag samledes Molde Byes Formænd i Kjøbmand Dahls Huus for imellem sig at vælge en Ordfører og en Viceordfører”. Tollkasserar Brinchmann vart valt til ordførar med 3 stemmer og kjøpmann Dahl til varaordførar med 3 stemmer. Vidare får vi kjennskap til at møta skal ”afholdes i Ordførerens Bopæl førstkommende Løverdag Klokken 3 Eftermiddag og siden hver fjortende Dag til samme Tid og Sted.” Møtet var kort, og det blei ikkje behandla fleire saka på det møtet.

Inne i Storfjorden ligg Stranda kommune, som også dekte det som i dag er Stordal kommune. Det første heradsstyrevalet den 26. juni 1837 valde 8 mann frå Stordal og 12 menn frå Stranda. Det fyrste formannskapsmøte byrjar med å vise til loven frå 14.januar 1837. Laurdag 24. februar 1838 var det ”Møde paa Slyngstad i Andreas Olsens Huus”. Alle representantane kunne ikkje møte på den historiske hendinga. Vi kan lese at Ole Pedersen Opsaug frå Stranda var fråverande. Nicolai Engeseth vart valt til ordførar, trass i at han ikkje var særleg skrivefør. Den første formannskapsprotokollen til Stranda er difor ført av ein ung lærar, Severin Knutson Overvoll.

Kommunane har hatt ein formidabel vekst sidan 1837. På 1800-talet besto oppgåvene stort sett av skulevesen, fattigvesen og vegsaker. I første halvdel av 1900-talet involverte kommunane seg mellom anna i samferdsleselskap, kraftutbygging, landbruk, sosiale oppgåver og forsyningsoppgåver. Etter andre verdskrigen var kommunane opptatt av gjenreising, regulering og bustadbygging. I dei seinare åra har kommunane gått føre på kulturfeltet, i næringsutvikling, fritids- og integreringstilbod.

Tilgongen til dei kommunale møta har også endra seg mykje dei siste 175-åra. Både samfunnsutviklinga generelt og den tekniske utviklinga har satt preg på dagens kommunar. Som vi kan sjå av utdraga frå protokollane ovanfor kunne kommunestyremøta bli haldne i privatpersonars hus på midten av 1800-tallet. I dag er situasjonen ein anna. Den teknologiske utviklinga har ført til at det er lett å tilegne seg offentlege dokument. Til dømes legg Molde kommune ut både innkallinga, saksframlegga og protokollen i pdf-format på sine heimesider.

Stranda kommune har tatt steget enda eit skritt lenger. På deira heimesider kan publikum i tillegg følgje møta direkte på web-tv. Har du ikkje tid til å sjå møtet direkte, eller kan hende du vil sjå det i reprise er det ikkje noko problem. Då kan du bare velje deg eit opptak i web-tv arkivet!

Møtebøkene til både kommunestyra og formannskapa er svært interessant materiale for historieinteresserte. Mangfaldet er stort, og det er store forskjellar mellom dei einskilde kommunane. IKA Møre og Romsdal er i gong med å digitalisere møtebøkene til kommunane, og desse vil bli tilgjengelig for alle å lese på internett om ikkje altfor lenge. Alle er velkomne til å bla i protokollane på lesesalen vår.



Se eldre artikler...